Apple sin populære AppStore har fått Microsoft til å tenkje på (nok ein?) tilsvarande teneste til sine brukarar
Apple lanserte AppStore med den nye iPhonen og 2.0-oppdateringa til den gamle iPhonen. I AppStore kan utviklarar leggje ut applikasjonar dei har utvikla for iPhonen. Med denne er det fyrste gongen at det vart mogleg å kjøre tredjepartsprogramvare på epletelefonen utan å hacke han. Butikken har vorte populær og har i dag over 2000 applikasjonar som lastast ned.
I kjølvatnet av suksessen har Microsoft no opna augene og sedd kor poplær den felles staden for applikasjonane til iPhonen har vorte, noko som gjer at dei har byrja å tenkje i liknande banar: i to nye stillingsannonsar utlysar dei to nye arbeidsstillingar som “Senior Product Manager” og “Product Manager”. Begge stillingane skal jobbe med Microsoft sin nye butikk for Windows Mobile-applikasjonar, Skymarket.
Skymarket kjem til å verte ein plattform for utviklarar som har lyst å kjene ein slant på applikasjonane dei utviklar for Windows Mobile. Microsoft vil integrere den nye marknaden i Windows Mobile 7 som er venta å kome i løpet av 2009. Likevel kan nokre utviklarar vente å sjå ein prøveversjon av marknaden allereie mot slutten av året, slik at dei kan adoptere applikasjonane til å vere kompatible med butikken.
Marknaden for ein slik butikk vert teken for å vere ganske stor. AppStore har som sagt 2000 applikasjonar, medan det til no har vorte utvikla over 18 000 applikasjonar til Windows Mobile. Ein må likevel ta med i rekninga at det er mange applikasjonar som ikkje er lista i AppStore, som kun kjører på ein iPhone som er hacka.
Ikkje gløym å stemme på den beste kommentaren
- Kva er dette oppstyret med RIA?
- Ny DirectX i Windows 7
- Og det neste Windows skal heite – 7!
- FreshApps: Digg-klone for AppStore-programmer.
- Apple tar igjen på reklamekampanjen til Microsoft

Dette trengs VIRKELIG på Windows Mobile plattformer, her er jungelen av applikasjoner så stor at du skal nesten ha flaks hvis du finner noe som er brukbart. Nå følger jo det meste av det du trenger allerede med i WM da, men det kan alltids være noe en ikke har tenkt på.
Noen som vet om noe “Must have” kanskje?
Har aldri hatt en WM-telefon, har bestandig vært Symbian for min del, altså Nokia… Hvilken telefon har du Eystein og er du fornøyd med Windows Mobile-os’et?
HTC Touch Diamond, med WM 6.1.
Jeg er SysAdmin i ett Windows ad domene med Exhange server, så for min del fungerer det helt perfekt. Jeg syns at Windows Mobile har blitt veldig bra etter v 5. Men det kan vel kanskje sies at det er veldig rettet mot å fungere i Windows da.
Hvordan det fungerer mot andre OS’er er jeg mer usikker på, det kan sikkert lages applikasjoner som klarer å gi den Exchange tilgang der å, og da er det vel egentlig i boks.