Endeleg får me sjå vår nye heim



Ein av betatestarane til Sony har lagt ut ein tolv minutt lang video som viser korleis Sony sitt sosiale “MMO” ser ut



homebetavideo Endeleg får me sjå vår nye heim

Home er ein av dei tinga til Playstation 3 som har vorte utsett flest gongar. Frå å vere ein av dei tilboda som skulle vere tilgjengelege frå sleppdagen, har det vorte til noko som nesten alle Playstation 3-eigarar har gløymt.



Home er ein stad kor Playstation 3-eigarar kan ha sine eigne avatarar (virtuelle kopiar av seg sjølve), eigne eigedommar, leiligheitar og liknande. Det vil òg vere mogleg å gjere ulike aktivitetar i Home, som til dømes Bowling og arkadespeling. Fleire ting vil òg verte lagd til. Resultat frå dei ulike spela du speler vil òg verte vist i eit eige rom på området ditt, slik at du kan vise fram det du har fått til.

I Home vil det òg vere mogleg å innrede staden ein eig sjølv. Ein kan kjøpe møbler og plassere dei akkurat kor ein føler for det. Det er òg mogleg å kjøpe klede til avataren, siik at ein kan få eit personleg preg over sin virtuelle kopi.

Etter at Home har vorte utsett fleire gongar dei siste åra, ser det no ut til at det kan kome ein offentleg beta før jul (Yay!). Ein av betatestarane som er med i den lukka betaen har no lagt ut eit opptak frå Home-verda, kor han viser reklameskjermar, to stadar han eig, ein spelehall, ein bowlinghall, ein kino og eit kjøpesenter. Det vert òg vist eit par funksjonar, som korleis ein kan snakke saman og kome seg fort til stadane ein eig.


Bjorn SolstadEndeleg får me sjå vår nye heim

Legg inn en kommentar