For dei som ikkje har vorten biten av Spotify-feberen og ikkje veit kva det er, så er Spotify ei teneste som let deg høyre på musikk, medan han vert strøyma frå veven. Det som skil Spotify frå andre tenestar som gjer det same er at Spotify er utruleg kjapt, slik at ein nesten trur at musikken låg lokalt på datamaskinen, i tillegg til at det ikkje krever noko særleg av linja di.
Spotify kunne for få dagar sidan meddele at dei no har inngått eit samarbeid med den britiske musikkbutikken 7digital. Gjennom deira teneste kan Spotify-brukarar no kjøpe musikken dei høyrer på hjå 7digital. Alt ein treng å gjere er å høgreklikke på ein song (ctrl-klikke på Mac) og under menyvalet “Buy from” kan ein velje 7digital.
Måten systemet fungerer på no er at ein vert vidaresend til 7digital si side i ein nettlesar og kan laste ned musikken derifrå. Me håpar sjølvsagt at ein i framtida kan kjøpe musikken rett i Spotify, slik at ein slepp å forlate programmet og byrje å kludre med nettlesarar.
Me har tidlegare skrive om musikkbutikken 7digital her på TeknoNytt. Den gongen var det at dei gjorde mogleg for kundar å kjøpe mp3-filer utan noko form for DRM og med eit bitstraum på 320kbps. 7digital har eit godt utval av både kjende og ukjende artistar, utvalet av nokre artistar er diverre ganske avgrensa.
Foreløpig er det berre brukarar i Frankrike, Spania og Storbritania. Det skal visstnok vere planar å utvide tilbodet til fleire land om det syner seg å vere ein suksess.
Kva tykkjer de? Personleg lastar eg ikkje ned musikk lenger, etter at eg fekk Spotify.
- Endeleg lovleg DRM-fri musikk
- Møt min store kjærleik: Spotify
- Søk etter musikk på veven med Songza
- Tagoo gjer deg mp3-filer frå veven
- GIMP ute i ny versjon

Couldn?t be written any better. Reading this fill someone in on reminds me of my erstwhile room mate! He eternally kept talking to this. I intention forward this article to him. Charming definite he pass on be experiencing a convincing read. Thanks for the benefit of sharing!