0-wattsskjermar lansert

Dei fyrste skjermane som ikkje bruker straum når dei står i stand-by, vart i dag lansert

Energisparing har vorte meir og meir populært dei siste åra. Produsentar av ulike varer skrøyder mykje om kor lite straum deira produkt bruker når det står i stand-by. Mircosoft skrøyda òg av kor energisparande Windows Vista er til samanlikning til Windows XP.

PC-skjermar bruker som kjent ein heil del straum, sjølv når dei står i stand-by så trekker dei mellom ein og seks watt. Fleire produsentar har prøvd å nå null-merket og Fujitsu Siemens er den fyrste produsenten til å sende ein skjerm som ikkje bruker straum i det heile når han står i stand-by, på marknaden.

Fujitsu Siemens sine skjermar skrur av straumomformaren når skjermen går i stand-by, noko som gjer at dei ikkje trekkjer straum i det heile. Når PC-en igjen sender eit signal til skjermen, vil ein liten straumpuls verte sendt og omformaren vil starte opp att. Skjermane har i tillegg automatisk justering av lysstyrken på skjermane, slik at dei skal spare enno meir straum.

Skjermane som har komt har storleiken 20″ og 22″, storleikane 24″ og 26″ kjem til å kome i løpet av september. 20″- og 22″-skjermane er allereie i sal i delar av Europa. Startprisen på 20″-modellen startar på 419€ eller omlag 3330 kroner.

Relaterte artikler

Fabel

Denne lydbok-appen er i ferd med å ta Norge...

Nextory

Denne populære strømmetjenesten for e-bøker og lydbøker har tatt...

Hvordan sørge for sikkerhetskopiering av iPhone-filene dine

Med så mye av livet vårt lagret på smarttelefonen,...

Beskytt Steam-kontoen din

Steam-konto er som å ha sin helt egen digitale...

Strim

Strim er en norsk strømmetjeneste som samler både klassiske...