9 program for å gjere Vista betre (eller finare)

Vista er antakeleg eit av dei operativsystema som har hatt mest blest rundt seg. Det har vorte kritisert for nesten alt det inneheld, her viser eg noko til å rette det opp.

Det var ting som var påtenkt til Vista, men som ikkje rakk fram. Det var ting som skulle vore i Vista men som aldri vart lagt til. Det er desse problema programma til «Ave» kan løyse.

«Ave» har laga ei liste med program til Vista som gjer at du kan auke produksjonen eller berre få Vista til å sjå finare ut. Programma er enkle å bruke og legg til det «vesle ekstra» til Vista som gjer at du vert meir nøgd med operativsystemet.

Glass Toasts legg til sprettopp-bobla som var i Longhorn (kodenamnet til Vista) og i beta 1-versjonen av Vista.

3D User Picture er ganske sjølvforklarande (om du kan «englandsk»). Programmet gjer biletet i startmenyen om til eit 3D-bilete.

Thumbnail Sizer let deg endre på storleiken til miniatyrbileta som vert vist når du held musa over vinduaga i oppgåvelinja.

AveDesktopSites viser vevsider i bakgrunnen på skrivebordet ditt. Biletet er aktivt og oppdaterer seg, men biletet er ikkje interaktivt.

Desktop Effects legg til nokre «fancy» effektar som gjer at skrivebordet ditt vert i allefall litt kulare å sjå på.

Extra Desktops gjer det mogleg å ha andre mapper enn mappa «Skrivebord» som mal for skrivebordsinnhaldet.

Vista Folder Background gjer slik at (som du sikkert forstår) du kan ha valfrie bakgrunnar i mappene.

HTML Explorer Thumbnails gjer at Vista viser førehandsvisningar av HTML-filer (og andre vevfiler) i utforskaren.

AveExplorerButtons byter ut to av knappa i utforskare og gjer dei om til «Ny mappe» og «Slett», som er mykje meir brukt.

Nokre av filene vert lagd til/endrer i registeret til Windows. TeknoNytt påtar seg (sjølvsagt) ikkje noko ansvar om det eventuelt skulle skje noko uventa.

Alle programma er henta frå sida Ave’s Vista Stuff.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...