Array

Fleire greie tastatursnarvegar i Windows 7

For alle dei som ikkje liker å bruke rørsleflata på bærbare datamaskinar eller generelt liker tastatursnarvegar, Windows 7 kjem dykk i møte

Dei fleste som sit med ein bærbar liker ikkje å bruke rørsleflata på datamaskinen. Tastatursnarvegar er då ein enkel måte å kutte ned på rørsleflatebruken. I Vista vart det introdusert ein del nye tastatursnarvegar, i høve til Windows XP. Blant desse er til dømes Win+(eit tal) som køyrer programma som ligg i hurtigstarten, Win+Tab som bringer fram 3D-filpen og Win+X som syner mobilitetssenteret.

Windows 7 kan tilby enda fleire tastatursnarvegar som kan gjere kvardagen på bærbare datamaskinar enklare. Her er ein video frå LifeHacker som syner dei ulike snarvegane:

For dei som liker betre å ha noko tekst å lese her er dei skrivne ned:

  • Win+Home: Fjerner alle vindauge utanom det aktive
  • Win+Mellomrom: Gjer alle vindauge gjennomsiktige, slik at ein ser skrivebordet
  • Win+Opp: Maksimerer det aktive vindauget (fullskjerm)
  • Win+Ned: Minimerer vindauget, gjenoppretter vindauget om det er maksimert
  • Win+Høgre/Venstre: Maksimerer vindauget til høgre eller venstre side av skjermen
  • Win+Shift+Høgre/Venstre: Flytter vindauget til skjermen til høgre/venstre (om du bruker to skjermar)
  • Win+T: Hopper mellom elementa i oppgåvelinja
  • Win+P: Still inn presentasjonsinnstillingane, når ein prosjektor er tilkopla
  • Win+(+/-): Zoomer inn eller ut
  • Shift+Klikk: Opnar ein ny instans av programmet du trykker på i oppgåvelinja

Relaterte artikler

Hvordan endrer teknologien poker

I løpet av det siste tiåret har fremskritt innen...

Disse 5 fordelene med VPN-gaming

De fleste spillere tenker umiddelbart på sikkerhet når det...

Hva er Microsoft 365?

Microsoft har etablert seg til å bli ett av...

Alt du trenger å vite om solceller

Når lys skinner på en fotovoltaisk (PV) celle, kanskje...

Hva er dataspill?

De aller fleste av oss har et forhold til...