Kan du kjøre det?

    0
    878

    Med Can You Run It kan du sjekke om PC-en din er mann nok til å kjøre ei rekkje ulike spel, utan at du treng å kunne noko teknisk.

    Når ein sit med ein ganske ny data i dag, så kan man ikkje vere sikker på om han vil klare å kjøre alle spel (ja, eg ser på deg Crysis). I dag må ein oppgradere systemet sitt nærast månadleg for å få det til å kjøre det siste på spelfronten.

    Du får kanskje med deg at eit nytt spel kjem ut og du lurer sjølvsagt på om du kan kjøre spelet. Du har heller ikkje noko særleg med teknisk kompetanse så du har problem med å forstå kva som er krava for PC-en skal kunne kjøre spelet. Viss du er ein av dei som slit med dette, er CanYouRunIt svaret.

    Me tilrår å sjå videoen i fullskjermmodus (knappen til høgre for «menu»)

    CanYouRunIt.com (testen fungerer best i Firefox eller Internet Explorer)