Sjå korleis Microsoft ser føre seg framtidshuset

Det er ikkje tvil om at framtida kjem til å verte meir prega av teknologi og maksinar enn ho er i dag. Det har vore mange teoriar om korleis ei framtid med datamaskinar kjem til å vere og dei har hatt veldig ulike utfall.

msframtidshus
Microsofts framtidshus.

Microsoft har òg ein teori om korleis ei framtid med fleire datamaskinar i heimen kjem til å verte. Programvaregiganten har byggja opp ein modell av eit hus kor ein har stor integrasjon mellom tradisjonelle hushaldningsartiklar og datamaskinar.

I videoen nedanfor viser ei dame BBC rundt i modellhuset som har alt frå kjøkken til soverom. Ho viser korleis dei ulike elementa ein bruker i kvardagen vert interaktivt med deg og gjer deg relevante val til det du held på med. Eit som omvisaren viser i videoen er til dømes at når du set mjølet på kjøkkenbenken vil benken gje deg val om du vil ha opp til dømes ulike oppskrifter.

Som svoren datanerd har eg ikkje problem med å sjå kva moglegheiter ein har i eit hus kor så mykje er datastyrt eller -assistert. Ta ein kikk på videoen sjølv og skriv kva du synest i kommentarane under:

Relaterte artikler

Teknologiske fremskritt brukt i moderne nettcasinoer

Casinospill har blitt transformert som følge av en rekke...

Sånn sletter du Snapchat-kontoen din

Er du lei av Snapchat og har bestemt deg...

Beskytt webkameraet ditt mot hackere

Webkameraer har blitt en integrert del av vår digitale...

Slik sletter du Twitterkontoen din

Twitter er en av de mest populære sosiale nettverkene...

Hvordan slette Instagram-kontoen din

Å slette din Instagram-konto kan være en stor beslutning,...