Om ein er brukar av Gmail kan det av og til vere vanskeleg å få tilgang til eposten om ein ikkje har vevtilgang, det gjer Google noko med
Med den nye Google Gears-funksjonen i Gmail kan du bruke Gmail medan du ikkje har tilgang til internet. Du kan enno sjå i gamle epostar, søke og skrive nye epostar. Dei nye epostane du skriv kjem til å hamne i utboksen og verte sende med ein gong du får internett.
Med den nye funksjonaliteten kjem det òg med noko som Google kallar for «Flaky Connection Mode». Dette er på ein måte ei blanding av online og offline. Gamle epostar vil verte lagra i cache, lokalt på maksinen. Gmail vil kun kople opp til tenarane til Google for å sjekke etter nye epostar. Som ein ynskjer å sjå ein gamal epost, treng ikkje Gmail å ta kontakt med tenarane kvar gong. Det vil ta tid å laste ned alle epostane fyrste gongen, spesielt om ein har mange. Dei som har prøvd dette seier at Gmail reagerer kjappare, når det kjem til gamle epostar.
Google Gears-støtta er berre eksperimentell foreløpig, så det kan vere at det er nokre problem, men det er ikkje noko ein kjem til å leggje merke til. Her er ein liten video som syner korleis det heile verker: