Som om det ikkje var nok at det kom ein ny DirectX i Windows Vista, kjem det ein ny versjon i Windows 7
Ein av dei store tinga, i følge Microsoft i allefall, var at Vista kom pakka med DirectX 10. DirectX 10 skulle gje ein grafikk som ikkje kunne samanliknast med det ein hadde oppnådd med DirectX 9 på XP. Det var mange høgrøysta klager på at det ikkje vart lagd til støtte for Windows XP, sidan Vista vart beskyldt for å ha dårleg ytelse under speling, noko som var i og for seg sant.
Det har vorte gjort uoffiselle portar av DirectX 10 til XP, men dei fungerer med ulikt hell. Noko av grunnen til at DirectX 10 kun kom til Vista, var at det kom krav til ny maskinvare og at DirectX 10 bruker funksjonar som vart lagd til i Vista-kjerna. DirectX 10 bruker nye funksjonar i Vista som gjer det enklare å vise 3D-grafikk.
Det har no vorte bekrefta at det kjem til å kome ein ny versjon av DirectX med i Windows 7: DirectX 11. Den nye versjonen kjem til å vere kompatibel med DirectX 10, slik at ein ikkje treng å bekymre seg for at spela ein speler i dag, ikkje kjem til å verke i Windows 7. Det er likevel visse funksjonar som kjem til å kreve ny maskinvare. Ein av desse vart nemnt å vere Shader Model 5