OLED i japansk masseproduksjon

    0
    651

    OLED er merka som den neste type skjerm som kjem til å dominere marknaden og nå vert masseprodusert i Japan

    OLED (Organisk LysEmmiterande Diodar) er ei vidareføring av LED (LysEmmiterande Diodar). Fordelane med OLED er at dei ikkje treng bakgrunnslys til å vise fargar, noko som gjer at dei er meir straumgjerrige og kan verte mykje tynnare (tynnaste OLED til no er på 3mm).

    Teknologien er enno noko dyr, men fleire selskap har byrja å produsere skjermar i større antal. I Korea har Samsung byrja å masseprodusere OLED i fjord, medan Toshiba og Matsushita (betre kjent som Panasonic i vesten) kunne i går meddele at dei har gått i saman om å masseprodusere OLED-skjermar. Dei kunne fortelje at deira OEL-skjermar (Organisk ElektroLuminescerande) kjem til å verte produsert i 2,5 tommars storleik. Skjermane skal i hovudsak brukast i mobilar, handhaldte multimediaspelarar og andre handhaldte duppedittar.

    Produksjonen av enhetane skal starte ein gong på hausten av 2009. Det vil i fyrste omgang lagast ein million eksemplar