Prøv ut Microsofts gratis antivirus

Microsoft la for ei lita stund attende ut versjon 1.0 av deira (nye) svar på eit antivirusprogram – Microsoft Security Essentials. Diverre vart det avgrensa kor mange som fekk laste ned programmet og nedlastingane var avgrensa berre til personar som budde i USA.

Security Essentials (SE) er ikkje det fyrste forsøket til Microsoft på å lage eit kapabelt antivirusprogram. Saman med lanseringa av Windows Vista annonserte Microsoft OneCare. OneCare gjorde det derimot ikkje bra, korkje i testar eller hjå brukarar. Mange vart òg skuffa over at programmet ikkje var gratis.

Når Microsoft no prøver om att, ser det ut til at dei har tatt noko lærdom frå deira forrige forsøk. SE er gratis å laste ned og gratis å bruke. I tillegg gjer programmet det òg bra i uavhengige testar. Programmet hevdar seg i teten med dei andre gratis alternativa: AVG og Avast til dømes.

Eit enkelt grensesnitt
Eit enkelt grensesnitt

Sjølv om programmet gjer det bra, så er det likevel ikkje det mest avanserte – noko som heller ikkje er poenget. Microsoft hevdar sjølv at SE er laga for dei som ikkje har noko form for tryggjing på datamaskinen i dag. Om sluttbrukaren har lyst på skikkeleg tryggjing, bør dei gå til innkjøp av ein tryggleikspakke frå eit av dei større selskapa som Norton, ESET eller Norman.

Microsoft kunne òg fortelje at Security Essentials ikkje vil kome førehandsinstallert med Windows 7, slik mange antivirusselskap frykta. Det vil vere mogleg å laste ned SE frå Microsoft sine sider eller som ein valfri oppdatering i Windows Update.

Sjølv om Microsoft blokkerte mengda nedlastingar, har likevel andre sider lagd ut installasjonfila til nedlasting frå deira tenarar. På Softpedia.com kan ein difor få tak i ein lovleg versjon av Security Essentials.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...