Program med open kjeldekode (Tema: multimedia)

Denne artikkelen i artikkelserien som omhandlar program med open kjeldekode, kjem eg til å ta føre meg mulitmediaprogram.Multimedia er noko som er omkring oss heile tida. Og meir enn nokon gong så er kvar av oss med og produserer multimedia i form av podcastar eller liknande innhald. Kvar enkelt databrukar kan i dag produsere mulitmediainnhald lett og få det ditribuert på ein enkel måte.

I tilleg til at nokon produserer eige innhald som er meint for massane, er det enda fleire som produserer innhald for privat bruk. Mange privatpersonar har videoar som dei har lyst til å lagre i all æve på ein DVD (sjølv om dei ikkje varer evig).

Uansett kva ein skal bruke innhaldet sitt til, kan det av og til vere vanskeleg å få det slik ein vil, sidan ein manglar dei rette verktya. Det kan vere ein finn anbefalingar, men programma kostar flesk og ein er ikkje villig itl å betale så mykje for den vesle jobben. Her er ei liste med program til ulik bruk som kan hjelpe:

DVD Flick (Windows)
er eit program som let deg lage DVD-ar ut av videofiler på dataen din. Den nye betaen let deg òg lage menyar. DVD Flick kan òg lage kapittel i filmar, anten ei fast mengd eller kvart x-te minutt.
Heimeside
Last ned

-DVDStyler (Windows/Linux)
er òg eit program som let deg lage DVD-ar ut av videoar ein har på harddisken. Det har òg god funksjonalitet når det kjem til å gjere menyane til dine eigne, med støtte for importering av bilete og fri tekstplassering.
–Heimeside
–Last ned

HandBrake (Windows/Mac/Linux)
let deg hente ut video frå DVD-ar eller biletefiler av DVD-ar. Programmet gjer deg moglegheita til å velgje mellom fleire ulike format DVD-en skal eksporterast til.
Heimeside
Last ned

Ardour (Mac/Linux)
vert brukt av amatørar såvel som proffesjonelle til å redigere og ta opp lyd. Ardour har mange funksjonar som gjer at til og med proffesjonelle vel å brukr Ardour framfor kommersielle program.
Heimeside
–Last ned

Audacity (Windows/Mac/Linux)
gjer at du enkelt kan ta opp og redigere lyd. Programmet er svært ofte brukt og har klart å byggja opp ein god brukarbase, òg hjå dei proffesjonelle.
–Heimeside
–Last ned

Traverso DAW (Windows/Mac/Linux)
let deg handsame audio på ein proffesjonell måte, Traverso er pakka med ulik funksjonaltiet som gjer at du kan få resultatet slik du vil ha det.
Heimeside
–Last ned for Windows/Mac/Linux

Taksi (Windows)
er open kjeldekode-broren til Fraps. Taksi let deg ta opptakav det som skjer på skjermen din medan du speler.  Taksi har fleire funksjonar som gjer det til ein verdig konkurrent.
–Heimeside
Last ned

CamStudio (Windows)
let deg ta opp skjermaktivitetane som skjer når du sit i Windows. CamStudio kan òg ta opp lyd frå eventuelle mikrofonar om det skulle vere naudsynt eller ynskja.
Heimeside
Last ned (du treng òg denne)

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...