Quarkbase fortel deg alt…

Det finnst mange tenestar på nett, men Quarkbase er faktisk ein av dei få som held det dei lovar

Ein kan trygt seie at når ein lagar ein vevteneste med undertittelen «everything about a website», set ein lista ganske høgt. Sjølv om Quarkbase lett kan gå i fella med å vere ein vevteneste som ikkje held det han lovar, innfrir Quarkbase. Eg vil faktisk seie at eg vart overraska over kor mykje Quarkbase klarte å dra fram få veven.

Quarkbase er på mange måtar det same som ein whois-teneste (les:who is). Å gjere ein whois på eit domene tyder at ein finn ut kven som står bak domenet: kven som eig det, kor nettsida er lagra og liknande. Ein av desse er til dømes Who.is (whois-søk på VGNett). Med fyrste augekast ser det ut som om det er ein del informasjon om VGNett, men det er før ein har sett Quarkbase.

Det er ikkje ein ting Quarkbase ikkje syner deg
Det er ikkje ein ting Quarkbase ikkje syner deg

I tillegg til å oppgje informasjonen som ein kan finne med Who.is eller liknande tenestar, finne ein i tillegg vitjestatistikkar, liknande sider, kor det er lenker som referer til sida, kor mange bokmerker sida har på del.icio.us, kor mange sider som er posta på digg.com og masse, masse meir. Ein kan kort seie at Quarkbase gjer alt researchen på ei side for deg. Lurer du på kor populær side er kan du enkelt få ein god oversikt av på Quarkbase (whois-søk på VGNett)

Av dei tenestane eg har sett og prøvt ut i det siste er Quarkbase ein av dei få som har fått meg til å smile og tenkje: «dæven, går de ann å finna de òg ud?» (god Sandnes-dialekt). Om du ikkje er så interessert i slike ting til vanleg er det likevel morosamt å sjå kor godt ulike norske vevsider gjer det mot kvarandre.

Hugs at ein kommentar kan vere din måte å sikre deg ein SlingBox Pro.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...