HTML var den fyrste standarden som slo fast kva format som skulle brukast på veven. Til neste år reknar ein med at versjon 5 av standarden skal verte ferdig. HTML 5 vert dermed den fyrste oppdateringa av standarden sidan versjon 4.1 kom ut på juleafta 1999.
I mellomtida har det derimot vore ein del arbeid XHTML-standarden, men denne slo aldri gjennom og det vart nyleg kjend at arbeidet på versjon 2 av denne no vil verte avbrote ved nyttår.
Ein av dei store nyheitane med HTML 5 er at det no skal verte implementert video- og audio-taggar, slik at ein ikkje treng å bruke eit eksternt innstikk som Flash eller Silverlight for å spele av videoar eller lydklipp.
Ein av fordelane med at ein kan vise video og spele av lyd rett frå nettlesaren er at ein ikkje lenger treng Flash eller Silverlight og ein kan manipulere videoen og lyden enkelt ved hjelp av teknologiar og standardar som allereie er i bruk på veven. Google viste blant anna dette under deira Google I/O-konferanse.
Google viser HTML 5-video:
W3C (World Wide Web Consortium) som står for utredinga av standarden har no støtt på eit problem. Dei ulike nettlesarprodusentane vert ikkje samde om kva videokodek som skal vere standarden. Mozilla, foreininga bak Firefox, og norske Opera favoriserer det opne Ogg Theora-formatet. Apple, med sin Safari, vil derimot bruke h.264-kodeken. Google har implementert begge kodekane i deria Chrome-nettlesar, problemet er derimot at dei ikkje tilbyr h.264-støtte i open kjeldekode-basen til Chrome, Chromium, på grunn av lisensproblemer. Microsoft har ikkje uttalt seg om problemet.
Grunnen til splittinga er at Opera ikkje vil bruke pengar på dyre lisenskostnadar som kjem med bruken av h.264-kodeken. Mozilla vil ikkje hindre tredjepartar, som bruker Firefox som grunnbase for deira nettlesar, i å misse støtte for video-taggen. Apple manglar maskinvarestøtte for Ogg Theora og vil ikkje røre seg ut i eit ukjendt patentlandskap.
Det er òg noko ueinsemd om audio-taggen. Her er det likevel ikkje dei same problema sidan ein her har eit mykje større utval av kodekar og format som kan brukast.
Det som no truleg vil verte gjort er at ein lèt video- og audio-taggane stå opne, slik som img-taggen. Dette tyder at det er opp til utviklarane sjøl å velgje kva format dei vel å leggje ut video- og lydfilene i, på same måte som utviklarar kan velgje mellom .jpg, .gif eller .png til dømes når dei skal bruke bilete.
Ian Hickson som er redaktør for HTML 5-standarden ser difor føre seg to scenarioer for standarden:
- Ogg Theora vert brukt i så stor grad at Apple sine uroingar rundt patentet vert mindre og dei òg implementerer standarden inn i nettlesaren deira og Ogg Theora vert facto-standarden for video.
- Patentane som er relevante for h.264-standarden løper ut, slik at det ikkje lenger er noko lisensavgift og kodeken vert implementert i nettlesarane.