Wolfram|Alpha introduserer ein heilt ny måte å gjere søk på veven på. I staden for å finne orda du skriv inn, finn Wolfram|Alpha det du eigentleg vil ha tak i.
Det er ingen løyndom at Google er den største søkemotoren i verda. Den høgst populære søkemotoren vert brukt av fleire millionar kvar dag, i mange ulike formar. Google har på mange måtar lagd grunnlaget for moderne søkemotorar og har for mange i dag vorte ein standard på korleis ein søkemotor fungerer, likevel er det nokon som tenker i heilt andre banar.
For eit snaut år tilbake leste eg ein kommentar frå redaktøren i DinSide Data, Pål Joachim Olsen. Her la han fram fleire argument som skildra kvifor Google alltid kjem til å vere den største søkemotoren. Ein av grunnane er at dei som lager vevsider ofte legg dei til rette for Google, slik at dei får mange treff, noko som er logisk sidan Google er den største søkemotoren.
Wolfram|Alpha derimot tenker i andre banar. Her er ikkje målet å finne vevsider som inneheld søkeorda du skriv inn, men å skjøne kva du eigentleg ser etter. Når ein søker i dei aller fleste søkemotorane i dag får ein opp treff som inneheld dei orda du søkte på, men Wolfram|Alpha henter heller fram dataane du eigentleg er på jakt etter.
Ved hjelp av høgst avanserte matematiske formlar klarer Wolfram|Alpha å skjøne kva du skriv inn i søkefeltet (kun på engelsk sjølvsagt). Om du til dømes spør korleis veret kjem til å verte i Oslo, vil Wolfram|Alpha vise deg vermeldinga og grafar over korleis veret har vore den siste tida. På denne måten skal ein kunne finne informasjonen ein eigentleg ser etter raskare og enklare.
Mannen som står bak «søkemotoren» («søkemotor» i klammer sidan han sjølv ikkje kallar det for søkemotor), Stephen Wolfram er mannen som i si tid starta utviklinga av programmet Mathematica. Mathematica er eit avansert matematisk program som vert brukt av professorar og andre matematikarar som treng eit kraftig program for handsaming av visualiserte matematiske formlar og liknande.
Det vart nett kjend at Wolfram|Alpha, som foreløpig berre er i privat beta, kjem til å verte opna for kvarmannsen i mai.
Som ein liten smakebit viser videoen under korleis det heile verker, presentert av mannen sjølv: Stephen Wolfram: