Ei enkel løysing på eit irriterande problem

Alle som har brukt Windows veit at det kan vere irriterande når datamaskinen med eit vel å gjere ein omstart

Om ein har på automatiske oppdateringar i Windows, sjekker Windows sjølv om det er nokon nye oppdateringar. Windows lastar så ned desse og installerer dei. Dette er jo greit nok, så slepp ein å tenkje på slikt sjølv, problemet er at Windows ofte må gjere ein omstart etter installeringa, noko som ikkje alltid er like praktisk.

Om Windows skulle gjere ein omstart kan ein fort misse informasjon som ein ikkje har lagra. Det er òg irriterande å få opp notifikasjonen som heile tida seier at ein må gjere ein omstart. Heldigvis er det ei enkel løysing på problemet: ein lastar ned ShutdownGuard.

ShutdownGuard er like enkelt som det er genialt. Du lastar ned og installerer det vesle programmet og startar det. Det vil då leggje seg ein liten hengjelås nede i systemkorga. Om ein trykker på denne vil han skifte på å vere open og lukka. Er han lukka hindrar kan Windows i å skrue seg av, eller eventuelt å gjere omstart. Er han open kan Windows slå av datamaskinen.

shutdownguardskjermbilete

Om ein høgreklikker på venstreknappen kan ein velgje å opne eller lukke hengjelåsen, om ein vil skjule ikonet, om ein vil at ShutdownGuard skal starte med Windows og gøyme seg med det same og ein kan skrue av datamaskinen. Ein kan òg trykke på hengjelåsen med skrollehjulet, då vil ein få opp eit lite dialogvindauge kor ein kan velje å logge av, skrue av maskinen eller ikkje gjere noko.

ShutdownGuard kan ein finne her. Nedlastingslenkja ligg til høgre.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...