Opplev 3D-lyd med hovudtelefonane dine

Her bringer eg dykk prov på at ein ikkje treng eit massivt heimekinoanlegg med 7.1 kringlyd for å oppleve lyd i eit 3D-perspektiv

Kringlyd (eller surround sonund) er eit aktivt tema i dag. Det vert betre og betre støtte for denne typen lyd i filmar og spel. Dei nye fjernsynskonsollane har støtte for såkalla 5.1-lyd og det neste steget kjem til å vere 7.1-lyd.

For dei som kanskje ikkje er så inne i dette med desimaltala som definerer typen kringlyd er det ganske enkelt å kome inni. Talet før kommaet indikerer kor mange diskantar som er i kringlydsystemet. Diskantar er dei som «lyden», altså stemmar, eksplosjonar eller kva det no måtte vere. Talet etter kommaet indikerer kor mange bassar det er i systemet. Bassen gjer berre den «dunke»-effekta og tilfører grunn til lydane frå diskantane. Ein kan lese meir om kringlyd på engelsk eller norsk Wikipedia.

Det eg derimot skal vise dykk i dag er kringlyd i hovudtelefonane dine – eller eventuelt øyreproppane dine. Sjølv om ein ikkje kan oppnå heilt den same effekten, gjer desse spesielle lydklippa eit bilete av ting som rører seg om hovudet ditt.

Måten ein oppnår denne typen lyd på er å uføre såkalla «kunsthovudstereo». Kunsthovudstereo er ein opptaksmetode som baserer seg på at ein setter mikrofonane på staden der øyrene er, på sidene av hovudet, og prøver å simulere korleis øyrene oppfattar lyd frå omgjevingane. Denne metoden for opptak vert òg kalla for «binaural recording» som ein, nok ein gong, kan lese meir om på engelsk Wikipedia.

På denne sida her kan ein høyre fleire opptak som er gjort ved å bruke den ovanfornemnte teknikken. Ta på deg hovudtelefonar – eller øyreproppar – og lukk auga. Du kan deretter ta deg ein tur innom ein frisør. Kos dykk.

Oppdatering: Her er et eksempel:

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...