Sjå CBS-klassikarar på YouTube

Den store mediagiganten CBS har no lagd ut fullengde episodar frå nokre av sine klassikarar

YouTube har måtte kjenne mykje kjeft frå dei store produsentane innanfor media. Både lyd- og biletebransjen har vore etter den populære vevstaden på grunn av ulovleg bruk av opphavsretta materiale. Brukarane på YouTube bruker songar og klipp frå filmar i sine eigne videoar, noko produsentane ikkje liker.

Eit av dei store mediahusa i Amerika har no tatt ei ny vending. Dei har no lagd ut fulle episodar frå fleire av dei store seriane deira på YouTube. CBS har rett og slett gjort det enkelt for brukarar å sjå dei gamle seriane – om ein bur i USA, vel og merke. Seriane er kun tilgjengelege om ein bur i USA. Det er likevel måtar å omgå dette på som me har skrive om tildlegare her i TeknoNytt.

Spelelistene til CBS
Spelelistene til CBS

CBS har lagd ut mellom 5 og 13 episodar av dei 4 seriane dei har gjort offentlege. Seriane som har vorte lagd ut er MacGyver (5 episodar), Beverly Hills 90219 (5 episodar), Star Treck: The Original Series (5 episodar) og The Young and the Restless (13 episodar). Episodane inneheld reklame, men det er ikkje noko særleg meir enn kva ein van med frå fjernsyn.

Episodane som er lagd ut kan ein finne på brukaren til CBS på YouTube. Kos dykk…