Program med open kjeldekode (Tema: Grafikk)

Neste punkt i artikkelserien om program med open kjeldekode er det grafiske program som står i høgsetet.

Når det kjem til grafikk og bileteredigering er det ofte PhotoShop som vert nemnt. Det profesjonelle redigeringsverktyet frå Adobe (uttalast [adåobi]). Programmet er kjelden til det populære adjektivet «photoshoppa», som tyder at eit bilete er redigert og ikkje lenger er i originalform.

Sjølv om PhotoShop er eit bra program kan det vere litt i meste laget når det gjeld kompleksitet og pris. PhotoShop er stort og har mykje funksjonar som dei fleste ikkje treng, i tillegg er PhotoShop dyrt og ikkje alle har lyst til å bruke så mykje pengar på berre eit program.

I denne artikkelen vil eg syne eit par program som leverer det ein treng av funksjonalitet om ein berre skal redigere litt på feriebileta eller har det litt moro med nokre vener.

GIMP (Windows/Linux)
(tidlegare The GIMP) er eit program som har vore under utvikling sidan nittitalet. Programmet er fylt med funksjonalitet, men kan ha eit grensesnitt som kan vere litt uvant, sidan det ikkje følgjer «normene» innanfor grensesnitt.
–Heimeside
–Last ned

GIMPshop (Windows/Linux/Mac)
er ein modifisering av GIMP som gjer at det likner meir på PhotoShop. Det gjer òg at programmet følgjer «normene» for grensesnitt betre, men det er likevel ikkje heilt likt.
–Heimeside
–Last ned

Paint.NET (Windows)
er eit program som orginalt var ein utvida versjon av Paint i Windows, men har i dag vorte eit sjølvstendig prosjekt. Programmet har fått utruleg med bra kritikk og har vorte kalla gratisversjonen av PhotoShop.
–Heimeside
Last ned

Inkscape (Windows/Linux/Mac)
er eit program som ein kan teikne vektorgrafikk i. Vektorgrafikk baserer seg på biletesamansetning av geometriske figurar, i staden for farging av pikslar. For meir informasjon om vektorgrafikk gå til Wikipedia.
Heimeside
Last ned

CinePaint (Linux/Mac)
er eit program som er bygga på GIMP, men har fått eit litt endra grensesnitt og ein del nye funksjonar, som gjer at det har betre funksjonalitet for dei som driv med høgkvalitetsbileteredigering.
–Heimeside
Last ned

Seashore (Mac)
er eit program som er bygga på GIMP-teknologi, men har som poeng å ikkje vere ein motstandar til PhotoShop, men tilby enkel redigering for den vanlege forbrukaren.
–Heimeside
–Last ned

Relaterte artikler

Den kunstige intelligensens rolle: Hva kan vi vente oss i fremtiden?

Boom! Med ChatGPT ble en milepæl innen kunstig intelligens...

Hvordan endrer teknologien poker

I løpet av det siste tiåret har fremskritt innen...

Disse 5 fordelene med VPN-gaming

De fleste spillere tenker umiddelbart på sikkerhet når det...

Hva er Microsoft 365?

Microsoft har etablert seg til å bli ett av...

Alt du trenger å vite om solceller

Når lys skinner på en fotovoltaisk (PV) celle, kanskje...