Den nye prosessorserien frå Intel får endeleg namn

Kodenamnet Nehalem har no vorte kasta på søppeldynga, den neste prosessorserien til Intel har fått sitt endelege namn

Nehalem har vore kodenamnet til Intel sin neste prosessorserie i ei lang tid no, men i går kunne Intel fortelje at dei har funne det endelege namnet til Nehalem, Core i7. Core i7 vert då oppfølgjaren til Core 2.

Ein av fordelane som kjem med Core i7 er at all arkitekturen er basert på 45- eller 32-nanometerarkitektur, noko som betyr at det kjem til å verte lite varmedanning frå prosessoren. Ein anna fordel er at dei nye prosessorane kjem til å ha eit mykje lågare straumforbruk enn dei tidlegare har hatt. Det vert rekna med at prosessorane kjem til å vere 30% meir straumgjerrige i forhold til forfedrene.

Core i7-prosessorane kjem til å verte standard i dei mest kostbare PC-ane i løpet av slutten av 2008. I meir lommebokvenlege PC-ar, både stasjonære og bærbare, og andre enhetar, kjem Core i7 til å gjere sin entrè i løpet av 3. kvartal av 2009. Så med mindre du skal ha deg ein skikkeleg dyr PC, kan du enno trygt kjøpe ein PC med Core 2-prosessor.

Hugs òg at det enno er mogleg å vinne ein SlingboxPro om du kommenterer i kommentarfeltet under…

Relaterte artikler

Fabel

Denne lydbok-appen er i ferd med å ta Norge...

Nextory

Denne populære strømmetjenesten for e-bøker og lydbøker har tatt...

Hvordan sørge for sikkerhetskopiering av iPhone-filene dine

Med så mye av livet vårt lagret på smarttelefonen,...

Beskytt Steam-kontoen din

Steam-konto er som å ha sin helt egen digitale...

Strim

Strim er en norsk strømmetjeneste som samler både klassiske...