Google med eigen nettlesar?

Ryktene om at Google kjem til å lansere ein eigen nettlesar har vore på nettet i fleire år, men no verker det som om det er noko i dei.

Ryktene om den eigne nettlesaren frå Google har bare vore vage rykter, utan noko faste prov. Det har heller verka som Google heller vil halde fram med å lage utvidingar til dei populære nettlesarane Firefox og Internet Explorer. No har derimot pipa fått ei anna låt. I ein teikneserie som vart teikna av Google sine ansatte, vert ein nettlesar presentert på totalt 38 sider.

Nettlesaren har fått namnet Google Chrome og skal visstnok basere seg på teiknemotoren WebKit, som er basert på open kjeldekode. Nettlesaren skal òg bruke ein javascriptmotor kalla V8, som òg er basert på open kjeldekode, og som er utvikla frå grunnen av eit dansk firma. Som de sikkert forstår, kjem store delar (om ikkje heile) nettlesaren til å ha open kjeldekode, noko som verker til å vere linja til Google for tida.

Nokre av dei funksjonane som truleg kjem til å verte inkludert i nettlesaren er ei fanelinje som ligg over adresselinja, som i Opera og ikkje under slik som i Firefox. Ein anna funksjon som vert nemnt er at i dei tomme fanene kjem det til å vere eit rutenett, slik som i Opera 9+, kor dei mest vitja sidene er lista. Til høgre i dei tomme fanene kjem det til å vere ei liste over dei siste søka, nyleg bokmerka sider og nyleg lukka faner.

Nokre av dei funksjonane som Google Chrome kan skilte med...
Nokre av dei funksjonane som Google Chrome kan skilte med...

Google Chrome kjem til å ha ei intelligent adresselinje, på lik linje med Firefox 3+ og Opera 9.5+, kalla Omnibox. Omnibox-en (omni tyder «alt») kjem til å føreslå vevsider med same tittelen som det du skriv i adresselinja. Han kjem òg til å føreslå søk og sider som du ikkje har vitja, men som er populære. Om du til dømes skriv inn «amazon» i adresselinja og høpp med tab bort til søkefeltet og skriv inn «Sony Ericsson», vil nettlesaren søke etter Sony Ericsson på Amazon.

Nettlesaren kjem òg til å kome med ein modus kor ein kan foreta såkalt privat nettlesing. Ingenting av det du gjer på veven medan denne modusen, som vert kalla «Incognito» som tyder «skjult identitet», vil verte lagra på pc-en. Google Chrome vil òg kunne opne ulike Google-applikasjonar i eige vindauge, utan navigasjon og adresselinje, slik at dei ikkje dreg med seg heile nettlesaren om dei krasjar. I tillegg vil òg Google Chrome halde deg sikker mot nettsvindel ved å laste ned lister over farlege sider kontinuerleg.

Ein kan jo spøre seg sjølv om det er plass til nok ein nettlesar på nettet (som om det ikkje var nok). Likevel er noko Google ein av dei få som verkeleg har sjanse til å vippe dei to store, Firefox og Internet Explorer, av pinnen og ta ein del prosent frå dei. Korleis det ferdige produktet vert gjenstår å sjå.

Om ein går til sida www.google.com/chrome, får ein opp ei feilmelding, den velkjende 404. Feilmeldinga gjeld når nettlesaren ikkje finn den etterspurde sida, men saken i dette tilfellet er at 404-feilen ikkje er «ekte». Feilmeldingen er ikkje den riktige i førehald til den som er standard for dei ulike nettlesarane. Om ein ser på koden til sida, kan ein sjå at det er ei enkelt koda HTML-fil.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...