Lag hurtigvala i Opera slik du vil ha dei 1/3

I denne korte artikkelserien kjem eg til å vise dykk korleis ein kan endre på hurtigvala i Opera (du veit, dei ni bokmerka som kjem opp når du opnar ei ny fane). Metodane krever bittelitt juksing, men det er likevel ikkje noko som burde for vanskeleg for dei aller fleste til å gjennomføre.

Betre utnytting av ein vidskjerm
Betre utnytting av ein vidskjerm

I denne fyrste delen tenkte eg å vise dykk korleis ein enkelt kan endre mengden hurtigval ein får opp. For mange vert det for lite med berre ni ulike ruter ein kan leggje inn. Det kan òg vere ein idé å bruke plassen betre om ein har ein vidskjerm og har store kvite områder til høgre og venstre for hurtigvala.

For å endre på mengden hurtigval må du endre litt på ei fil som heiter speeddial.ini. For å finne ut kvar fila er lagra på ditt system går du til opera:config i adresselinja og søk etter «speed dial file» i hurtigsøket. Naviger til lokasjonen som står her og finn fila som heiter speeddial.ini og opne ho i ein teksthandsamar som til dømes notisblokk eller liknande. Deretter lukkar du ned Opera.

VIKTIG: IKKJE REDIGER SPEEDDIAL.INI MEDAN OPERA KJØRER

I denne fila legg du til dei følgjande linjene på ein valfri plass:

[Size]
Rows=X
Columns=Y

Her er X og Y valfrie tal.

Etter at du har gjort endringane lagrar du fila og starter Opera att og du vert no møtt med ei ny mengde hurtigval når du opnar ei ny fane. Snarvegane som er knytta til hurtigvala (Ctrl/Cmd+1 og å skrive «1» i adresselinja for å gå til hurtigval 1) vil ikkje verke for andre enn dei 9 originale hurtigvala.

I den neste delen kjem eg til å vise korleis ein kan endre på knøttbileta som vert vist i hurtigvala slik som i bildet øvst…

Relaterte artikler

Fabel

Denne lydbok-appen er i ferd med å ta Norge...

Nextory

Denne populære strømmetjenesten for e-bøker og lydbøker har tatt...

Hvordan sørge for sikkerhetskopiering av iPhone-filene dine

Med så mye av livet vårt lagret på smarttelefonen,...

Beskytt Steam-kontoen din

Steam-konto er som å ha sin helt egen digitale...

Strim

Strim er en norsk strømmetjeneste som samler både klassiske...