Sjå Urospredere – filmen om ulovleg fildeling

Ulovleg fildeling er ikkje eit tema som er særleg mykje diskutert i media her i Noreg. Politikarane her i landet har heller ikkje hatt noko særleg stor fokus på dette området, men tidspunktet kor dei må ta eit standpunkt nærar seg. Etterkvart som fildeling vert eit meir omdiskutert tema i utlandet, kjem det til å spreie seg til vårt vidstrakte land og.

Urospredere er ein film om ulovleg fildeling i Noreg. Dei har sett seg som mål å spreie litt lys på dette området. Dei påstår at dei som seier at ein berre bør legalisere den ulovlege fildelinga ikkje har tenkt gjennom konsekvensane, men det har heller ikkje dei som vil forby alt.

Filmen har i tillegg ei lang liste over personar som har vorte intervjua i samanheng med filmen. Her er det henta inn talspersonar frå begge sider av saka, både frå dei som er direkte innblanda og dei som er utanforståande, men som likevel må ta eit standpunkt. Her er lista over personane som har vore med:

  • Aslak Borgersrud, Gatas Parlament
  • Aslak Hartberg, Klovner i Kamp.
  • Anne Solsvik, Leder av Unge Venstre.
  • Bjørn Rogstad, General Manager: EMI Music Norway.
  • Daniel Søland Jackson, IT-utvalget i Rødt.
  • Espen Tøndel, Simonsen Advokatfirma.
  • Grunnlegger av norsk fildelingsnettverk.
  • Harald Zwart.
  • Larry Bringsjord, Fono-formann og platedirektør.
  • Leif T. Aanensen, Datatilsynet.
  • Magnus Eriksson, Piratbyrän.
  • Marte Thorsby, IFPI.
  • Peter Sunde, The Pirate Bay.
  • Simon Souyris Strumse, SU
  • Thomas Gramstad, Elektronisk Forpost Norge.
  • Torgeir Waterhouse, IKT Norge
  • Trond Giske, Kultur- og kirkedepartementet.

Ein kan laste ned filmen frå vevsida: Urospredere.no. Det er kun lagd ut 2000 kopiar av filmen, på grunn av – ironisk nok – rettighetar på musikkmateriale i filmen. Dei lover likevel å leggje ut ein versjon av filmen utan det rettighetstryggja materialet som kan lastast ned og brukast slik ein vil, innanfor ein CreativeCommons-lisens.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...