Skype for mobil

skypeformobil

Skype har no lansert ein betaversjon av Skype Lite, ein Skype-versjon som verker på mobilar med støtte for Java

Skype er kanskje verdas mest brukte program for VoIP (Voice over IP). Det har på mange måtar sett standarden for korleis ein kan ringe gratis over veven. Skype kan ein få for Windows, Mac, Linux og til Nokia N800 og N810. Skype Lite derimot, passar for dei aller fleste telefonar med Java-støtte, noko nesten alle moderne telefonar gjer.

Skype Lite er skriven i Java, noko som gjer at alle telefonar med støtte for Java kan utnytte den nye Skype-versjonen. Du treng heller ikkje noko WiFi på mobilen for å bruke Skype Lite, programmet krev ikkje ein gong 3G-oppkopling. Alt du i hovudsak treng er mobildekning. Kva snøggleik Skype Lite treng står det ikkje noko om, det er òg litt usikkert om lydkvaliteten er bra.

Skype Lite kan kjøre i bakgrunna på mobilen slik at du kan vere pålogga på Skype, kor enn du måtte vere. Kontaktane dine kan dermed ringje deg når som helst. Skal ein ringe frå mobilen, via mobilnettverket, må ein ha Skype credits for å betale for oppkoplinga. Om ein skal motta telefonar må ein òg betale for oppkopling.

skypemid

Skype Lite kan òg kjøre i Android, sidan programmeringa i Android er i Java. Ein iPhone-versjon kan ein derimot se lenger etter, ettersom Apple ikkje godtek at program kan kjøre i bakgrunna. Det kjem òg ein eigen Skype-versjon til Intel-baserte MID-ar (Mobile Internet Device).

For å få tak i Skype Lite kan ein enten gå til nedlastingssida og få tilsendt SMS med ei nedlastingslenke, eller gå til www.skype.com/m med nettlesaren til mobilen.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...