Vista4Experts – Få orden på Vista sine funksjonar

Etter at Vista vart lansert for to år sidan har det poppa ein masse program som skal fikse «problema». Nokre med hell, andre ikkje. Her er eit som verker

Vista har fleire innebygde funksjonar som ein ikkje bruker eller direkte misliker. Det kan for nokre vere særdeles tungvint å finne ut korleis ein vert kvitt desse funksjonane. Dei kan òg vere tidvis tungvint å verte kvitt. Kva om det fanst ein enkel måte å fikse desse problema på? Ein måte som berre gjorde det enkelt rett og slett.

Det var difor nokon var så smarte å laga Vista4Experts. Vista4Experts let deg velje frå liste kva du vil skal skruast av eller på. Du kan òg endre søkemotorar. Ein kan velje om vil at brukarkontokontrollen (UAC) skal vere på eller ikkje (du veit, den som alltid poppar opp når du skal installere noko). Det er òg mogleg å skru av sprettoppmeldingane/ballongtipsa, sidan dei ofte ikkje har noko nyttig å seie likevel.


Eit enkelt grensesnitt
Eit enkelt grensesnitt


Vista4Experts lèt deg rett og slett få orden på Vista på ein enkel og grei måte. Alt ein treng å gjere er å laste ned zip-fila frå denne sida. Pakkar ut det som ligg i mappa og kjøre programfila. Enklare kan det ikkje gjerast.

MERK: Eg har hatt nokre problem med å få visse postar i lista til å verke under norsk Vista, men programmet verker heilt fint både under x86- og x64-bit Vista.

Relaterte artikler

Fabel

Denne lydbok-appen er i ferd med å ta Norge...

Nextory

Denne populære strømmetjenesten for e-bøker og lydbøker har tatt...

Hvordan sørge for sikkerhetskopiering av iPhone-filene dine

Med så mye av livet vårt lagret på smarttelefonen,...

Beskytt Steam-kontoen din

Steam-konto er som å ha sin helt egen digitale...

Strim

Strim er en norsk strømmetjeneste som samler både klassiske...