BatteryBar – ein skikkeleg batteriindikator for Windows

Det er ikkje til å skyve under ein stol at batteriindikatoren i Windows (du veit, den som syner kor mykje straum du har att på batteriet på bærbare maskinar) ikkjer er noko særleg å skryte av. Den syner berre det heilt innlysande: om ein har straumen kopla i og kor mykje batteri ein har att ved hjelp av ei batteriikon som er fylt med kvitt, tilsvarande mengda straum som er att på batteriet.

For mange så er kanskje dette nok, men fleire tykkjer gjerne at det er litt i minste laget. Ein ynskjer kanskje litt meir informasjon. Til dømes kor lang tid som er att på batteriet før det er tomt, kor stor mengde straum ein har eller kor oppbrukt batteriet er, kor mykje av kapasiteten som er tapt.

BatteryBar gjer deg meir detaljer informasjon om batteriet enn det Windows gjer. Du får ein stor og god indikator som syner kor mange prosent som er att på batteriet eller kor lang tid som er att. Om ein held musa over ikonet får ein opp detaljert informasjon om batteritilstanden. Du kan sjå kor mange prosent som er att, kor stor kapasitet batteriet (i kor stor mengde straum det held), kor fort det ladar, kva tilstand det er i (ladar, fullada eller utladar), full levetid for ei lading, om straum er tilkopla og kor mykje av kapasiteten er missa.

Litt meir informasjon enn det Windows gjer deg

Det finnst ein gratisversjon av BatteryBar i tillegg til ein betalingsversjon. I betalingsversjonen får ein i tillegg til basisversjonan moglegheita til å setje ulike innstillingar og andre funksjonar. Ein kan få tak i BatteryBar (gratisversjonen) her eller ein kan ta ein nærare kikk, og evnt kjøpe, på BatteryBar Pro (betalingsversjonen) her.

Relaterte artikler

Fabel

Denne lydbok-appen er i ferd med å ta Norge...

Nextory

Denne populære strømmetjenesten for e-bøker og lydbøker har tatt...

Hvordan sørge for sikkerhetskopiering av iPhone-filene dine

Med så mye av livet vårt lagret på smarttelefonen,...

Beskytt Steam-kontoen din

Steam-konto er som å ha sin helt egen digitale...

Strim

Strim er en norsk strømmetjeneste som samler både klassiske...