Ein kikk på HTC G1 (med Google) [Video]

Det hadde lenge vore snakk om ein eigen Google-telefon då Google til slutt sa at dei jobba med eit eige operativsystem for mobiltelefonar – her er ein kikk

Det er gått ei tid sidan Google gjekk ut og sa at dei ikkje jobba på ein eigen telefon, men eit operativsystem for telefonar. Operativsystemet, Android, er eit mobiloperativsystem som er byggja på Linux, utvikla av Google og til bruk for alle mobilprodusentar som måtte ynskje det. Det er no ein snau månad sidan Google i lag med HTC og T-Mobile kunne annonsere den fyrste Android-telefonen: G1.

G1 kjem til å kome på marknaden 22. oktober, men har allereie vorte førehandsbestilt i store mengdar. Det fyrste opplaget av telefonen vart seld på kort tid og T-Mobile måtte bestille fleire for å møte etterspørselen. Det vert no sagd at det har vorte førehandsbestilt over 1,5 millionar G1-telefonar.

Ein kan få HTC G1 i to fargar

Bildet: Ein kan få HTC G1 i to fargar

No som det nærmar seg slepp av telefonen har det byrja å lure seg ut ulike førehandstestar og inntrykk av telefonen. Den amerikanske sida Download Squad har tatt seg ein tur til Kevin Tofel frå jkOnTheRun, som har hatt mobilen i eit par dagar. Han fortel litt kva han syns om mobilen og kva han ikkje liker.

G1 kjem til å verte sleppt i USA i fyrstehand. Mobilen kjem deretter til å verte lansert i land som har T-Mobile som ein av sine mobiloperatørar, sidan mobilen er låst til T-Mobile. Mobilen kjem difor å kome til land som Storbrittania og Tyskland på eit seinare tidspunkt (det er hinta at han vil kome til Europa før jul). Dette tyder derimot at telefonen ikkje offisielt kjem til Noreg. Det ein derimot kan kome til å sjå er at folk importerer han frå USA, eller andre land når telefonen vert meir spreidd, slik ein såg med iPhone.

Her er videoen frå Download Squad:

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...