Få ditt eige kule domene med Domainr

Tykkjer du at vevadressa del.icio.us er enkelt og greit genial? Då er dette sida for deg!

Del.icio.us var ei adresse eg personleg forelska meg i då eg høyrte ho fyrste gongen. Sjølv om ho verker vanskeleg å hugse med ein gong ein ser ho, er ho likevel enkel om ein tek bort punktumane. Utan punktum vert namnet delicious (deilig). Ein anna ting som er genialt er at den siste delen av ordet, us, òg er toppdomenet (.us).

Å kome på slike geniale namn til vanleg er ganske vanskeleg. Ein har kanskje ikkje så mange gode idear til namn som endar med eit toppdomene (det som står etter punktumet i ei vevadresse, til dømes no, se, org, com, net, osv). Sjølv om ein kanskje kjenner nokre toppdomener, kjenner ein langt ifrå alle, noko som gjer at ein ikkje alltid veit om moglegheitane.

Domainr er ei teneste som let deg skrive inn ein tekst, til dømes namnet til vevsida di, og gjer deg forslag til blandingar som gjer deg ei vevadresse som blandar namnet med toppdomenet. Om ein til dømes skriv inn teknonytt, får ein opp teknony.tt som eit forslag til namn.

Domainr har ei lang liste over ulike toppdomene, noko som gjer at ein alltid for eit toppdomene blanda inn i vevadressa. Det er likevel ikkje alltid heilt perfekt, som til dømes eg skreiv inn eige namn, utan «ø» sjølvsagt. Domainr foreslo at eg kunne registrere jon.st/odle. Denne vevadressa er kanskje ikkje like lett å hugse.

Om ein berre har lyst til å setje seg og kose seg med ulike rare kombinasjonar av vevadressar er Domainr er side for deg. Tenesta er kanskje ikkje den mest nyttige, men det er morosamt å sjå kva forslag ho måtte ha. Domainr finn ein på domai.nr.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...