Få Windows 7-snarvegar i Vista/XP

Sikla du då du såg videoen med dei greie snarvegane som vart inkludert i Windows 7? No kan du jukse litt

For nokre få dagar sidan skreiv me om nokre av dei nye snarvegane som vert inkludert i Windows 7. Dei fleste andre «tastaturhorer» som meg sjølv, gler oss som små born til me får bruke desse på dagleg basis. No er det diverre slik at ein beta er ein beta og ikkje alltid er like stabil (sjølv om Windows 7 betaen er utruleg stabil) og ein ynskjer ikkje å bruke han på dagleg basis. Heldigvis er det ein delvis løysing på problemet.

Den eine skribenten hjå Lifehacker tykkja òg at det kunne vore greit med nokre av snarvegane i Vista eller XP. Han skreiv difor like så godt eit lite program (Auto Hotkey-skript) som lèt deg få nokre av snarvegane allereie no.

win7snarvegar2

Programmet legg til desse snarvegane i Windows Vista eller Windows XP:

  • Win+Høgre/Venstre: Maksimerer vindauget til høgre eller venstre side av skjermen
  • Win+Opp: Maksimerer det aktive vindauget (fullskjerm)
  • Win+Ned: Minimerer vindauget, gjenoppretter vindauget om det er maksimert
  • Win+Mellomrom: Gjer alle vindauge gjennomsiktige, slik at ein ser skrivebordet

På grunn av avgrensingar i programmeringsspråket vart ikkje snarvegen som syner skrivebordet heilt lik. Når ein trykker på Win+Mellomrom vert berre det aktive vindauget gjennomsiktig.

Programmet, som passande nok heiter «Windows 7 Shortcuts», kan ein laste ned via denne lenka.
For dei av dykk som driv med AHK-skripting kan ein laste ned kjeldekoden via denne lenka

Relaterte artikler

Fabel

Denne lydbok-appen er i ferd med å ta Norge...

Nextory

Denne populære strømmetjenesten for e-bøker og lydbøker har tatt...

Hvordan sørge for sikkerhetskopiering av iPhone-filene dine

Med så mye av livet vårt lagret på smarttelefonen,...

Beskytt Steam-kontoen din

Steam-konto er som å ha sin helt egen digitale...

Strim

Strim er en norsk strømmetjeneste som samler både klassiske...