Fyrste kikk på Opera 9.6

Opera har såvidt fått den siste oppdateringa til Opera 9.5 ut og no kjem det ei førehandsvising av Opera 9.6

Opera jobbar tydelegvis hardt for tida. Med sleppet av den nye Opera-versjonen ikkje lenge før sommaren, er det no mogleg å laste ned ein såkalla «Snapshot» av Opera 9.6. Snapshot-versjonane er prøveversjonar av den ferdige lesaren. Versjonane er høgst ustabile og egnar seg ikkje for den vanlege brukar. Vil du derimot teste ut dei nye funksjonane og gje tilbakemelding til Opera-teamet er du meir enn velkomen.

I Opera 9.60 kjem det ein del oppdateringar som har vore etterlengta. Ein kan no førehandssjå RSS-straumane før ein abonnerer på dei (slik som ein kan i FireFox og Safari). Opera Mail (M2) har no fått ein «låg bandbreidde»-alternativ, som gjer at M2 bruker mindre bandbreidde. M2 vil heller ikkje laste ned tillegg i e-postane om det er IMAP-tilkopling og det vil heller ikkje visast meir enn 100 linjer i e-postar via POP-tilkoplingar. Det er òg mogleg å setje «følgj med/ignorer» på trådar eller kontaktar, slik at ein lettare halde orden på det som viktig.

Det vert altså enno ei stund før ein kjem til å sjå den neste fullverdige versjonen av Opera, Opera 10 med kodenamnet Peregrine. For dei som har lyst til å prøve den nye testversjonen kan dei finne han for Windows, Windows (klassisk), Mac, UNIX.

Ikkje gløym at kommentarar kan skaffe deg ein SlingBox Pro.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...