Google har offisielt invadert telefonen

Etter mykje venting er endeleg dagen komen: Google har i lag med HTC laga ein «gPhone» og lansert han for offentlegheita

Det har lenger verert rykter om at Google jobba med ein eigen telefon, populært dubba «gPhone». For ei god stund tilbake derimot ein av Google sine grunnleggjarar avkrefte rykta og fortelje at det ikkje var snakk om ein heil telefon, men operativsystemet til telefonen.

Google har byggja eit open operativsystem på Linux, noko som gjer det mogleg med store eigendefineringar. Operativsystemet har vorte gjeve namnet Android og er opent for dei som vil, til å bruke det på deira telefonar. Android prøver dermed å ta ein del av kaka frå Symbian (brukt av Nokia, Sony Ericsson mm), Windows Mobile (brukt av HTC og RIM/BlackBerry mm), PalmOS (brukt av Palm) og iPhone OS (brukt på… ja den klarer du å gjette sjølv).

I går kveld norsk tid lanserte Google i saman med T-mobile, som sel mobilen i USA, T-mobile G1 med stor brask og bram. Journalistar fekk prøve mobilen og få omvisningar om korleis ting verker på telefonen.

Telefonen er spekka full med ulike funksjonar som super-3G, GPS, Wi-Fi, bluetooth og mykje meir. Telefonen inneheld òg eit såkalla akselerometer som legg merke til kva veg telefonen vert heldt, slik som iPhone, iPod Touch og den nye iPod Nanoen gjer. Utviklarar står fritt til å bruke alle desse funksjonane fritt, utan at det kjem til å vere noken restriksjonar frå Google si side (ja, me skuler på deg Eple).

Sidan operativsystemet er frå Google, kjem det sikkert ikkje som ei overrasking av det er proppa med godt integrerte Google-applikasjonar. Gmail-push (e-postar som vert sendt til mobilen automatisk), Google Maps, Google Talk og Google Calendar er alle integrert inn i telefonen. Fordelen er likevel at ein kun logger inn ein gong på telefonen, så er ein automatisk pålogga på alle Google sine tenestar.

G1 kjem til å kome i salg 22. oktober i USA, medan ein venter at telefonen skal kome til Europa i løpet av november. Landa som kjem til å få telefonen er Tyskland, Storbritania, Austerrike, Tsjekkia og Nederland. Kor tid G1 eventuelt kjem til Noreg er enno uvisst, men det er derfor nokre smarte hovud fann opp eBay og vevbutikkar.

Det har vorte lagt ut ein del videoar som viser korleis telefonen verker, her er eit par av dei:

Ein enkel samanlikning med iPhone:

Ein presentasjon av telefonen frå ein T-mobile-ansatt:

Ein presentasjon frå Google:

Samanlikning av G1, Sony Ericsson X1 og iPhone:

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...