Kva er dette oppstyret med RIA?

0
370

Den siste tida har det vorte blest om dei ulike teknologiane som ligger til grunn for såkalla rike internettapplikasjonar. Har du vorte forvirra? Her er ei lita rask oppsummering…

kvaerria

For dei som følgjer med litt innanfor det teknologiske nyhendebiletet har kanskje fått med seg at det har vorte litt blest om RIA (Rich Internet Applications) eller rike internettapplikasjonar. RIA-ar er «program» som vert kjørte frå veven. Nokre døme på dette er til dømes bileteredigeringsprogrammet Picnik.

Dei siste åra har det vore Flash frå Adobe som har dominert på dette området. Sjølvsagt har «Web 2.0»-teknologiar som AJAX gjort at nettstandardar har kome til, men likevel er Flash som har stått for det meste av det utvalet ein har. Java er ein av dei konkurrentane som har prøvd å få kloa i noko av området, utan å lukkast noko særleg.

I fjor haust lanserte Microsoft sin eigen teknologi kalla Silverlight. Silverlight er ein direkte konkurrent til Flash og skal tilby same funksjonaliteten som Flash gjer. Ein av dei tinga som Microsoft har lagd vekt på under promoteringa er at Silverlight skal vere plattformuavhengig. Utviklarar kan òg bruke språk og bibliotek dei kjende med gjennom .Net-biblioteka. Silverlight har enno ein del manglar til å skikkeleg konkurrere med Flash.

For berre to veker sidan kom Sun (firmaet bak Java) med eit nytt tillegg til Java: JavaFX. JavaFX er ei vidareutvikling av Java, som skal gjere det lettare å integrere lyd, bilete og interaktivt innhald. Ein anna fordel skal vere at ein kan tak i ein JavaFX-applikasjon og dra han ut på skrivebordet og bruke han som ein «gadget» (slik som ein får i Windows Sidebar eller i OSX).

Berre for å gjere det heile enda meir forvirrande har Google òg hive seg på lasset. Dei har tydelegvis fått blod på tann etter dei oppnådde ein viss suksess med deira nye nettlesar Chrome. Dei har utvikla Native Client. Native Client har som fokus å utnytte prosessorkrafta hjå brukaren. Eit døme som vert nemnt er til dømes bileteredigering. I staden for å gjere det med eksisterande teknologi som til dømes Javascript vil heller Google at Native Client skal kjørast og bruke reknekrafta til brukaren sin pc. Native Client verkar i alle nettlesarar, så ein slepp å uroe seg for dårlig i dei mindre populære nettlesarane.

Kven som kjem til å «vinne» er usikkert. I ei optimal verd, kunne dei levd ved sida av kvarandre i fred. Diverre vert det nok ikkje slik. Eit par av teknologiane kjem antakeleg til å ta av og dominere marknaden på kvar sitt område, medan dei andre vert kun brukt i nokre tilfelle. Eit av dei store dømmepunkta kan kome til å verte kven som har den beste plattformstøtta. No er det meir og meir fokus på at slike ting må kome med støtte for Windows, Mac og Linux. Den med best støtte kan kome godt ut or det.