Microsoft med nytt gamingutstyr

Under Games Convention i Leipzig, viste Microsoft fram sitt siste utstyr i serien deira med gamingutstyr

Microsoft starta i 1995 ein eigen serie med utstyr som var retta mot spelarar (eller gamerar). Serien innehaldt handkontrollar, joystickar og liknande utystyr. Serien som bar merkenamnet SideWinder vart lagt bort i 2002 på grunn av dårlege sal. Serien gjorde allikevel comeback i oktober i fjor, så Microsoft annonserte at dei på ny ville satse på SideWinder-serien. Den fyrste maskinvaren i den nye SideWinder-serien var musa med namnet – SideWinder.

Under den særdeles populære spelmessa Games Convention (GC) som vart heldt i Leipzig i Tyskland, viste Microsoft fram dei to nye familiemedlemmane i SideWinder-serien: tastaturet X6 og musa X5. Begge bygga frå bunnen av med speling i tankane og bygga primært rundt dette.

Tastaturet, X6, vert og hevda for å vere det fyrste med innstillbar nummerkontrollar (numpad). Ikkje berre kan ein flytte nummerkontrollane til kva for ei side av tastaturet ein vil. Ein kan òg stille inn eigne makroar eller tastesekvensar til knappane. Ein kan få tastaturet til å ta opp kva ein trykker og deretter lagre trykka til ein av nummerkontrollane. Det er òg ein eigen knapp dedikert til å opne spelutforskaren i Windows Vista.

Tastaturet har òg bakgrunnslys i knappane slik at ein kan holde forskjell på kvafor nokre knappar som er programmerbare og kvafor nokre knappar som ikkje er programmerbare. Tastane W, A, S og D har òg ein eigen farge, slik at dei er lettare å finne att. Ifølge Microsoft er det mange som demper lyset når dei skal spele, difor har bakgrunnslysa to styrkar slik at spelarane velje kor mykje lys dei vil ha.

Musa, X5, som òg vart lansert kjem med ein del hendige funksjonar. Musa kjem med ni (9!!!) knappar, kor ein kan stille inn 5 av dei til å gjere det ein vil sjølv. Musa har ein dpi som går opp til 2000 og med seks ulike dpi-trinn som kan endrast fortløpande. På same måte som X6 har òg X5 eigen knapp til å opne spelutforskaren.

Både X6 og X5 kjem til å verte lansert i USA i løpet av september. Prisen på X6-tastaturet kjem til å liggje på 79.95 dollar eller ca 430 norske kroner, medan X5-musa kjem til å liggje på 59.95 dollar eller ca 320 norske kroner.

Ikkje gløym at ein kommentar kan skaffe deg ein SlingBox Pro.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...