Nå er sleppkandidaten av Windows 7 klar for nedlasting

Då er ventinga over: det er no mogleg å laste ned sleppkandidaten av Windows 7. Denne versjonen vil innehalde alle funksjonane som kjem til å vere i den ferdige versjonen av Windows 7. Det einaste som no gjenstår er å luke ut alle feila.

Windows 7-sleppkandidaten er no sluppe for nedlastning. (Foto: Uoffisiell Windows 7-bakgrunn)

Denne testversjonen av Windows 7 kjem til å vere open for nedlasting ut juni månad, så det er ikkje noko hastverk for å få tak i ein kopi. Versjonen kjem òg til vere gyldig i eit år fram i tid, så ein har god tid til å teste ut Windows 7 før ein treng å gå til innkjøp.

Ein av dei nye funksjonane som kjem med i denne versjonen av Windows 7 er XP-mode. Med XP-mode kan ein kjøre program i XP ved hjelp av ein virtuell maskin. Dette gjer at program som ikkje elles verker i Windows 7, likevel kan brukast som om det ikkje var noko problem.

For å laste ned Windows 7 RC kan ein gå til Windows 7 si heimeside. Me tilrår likevel at ein heller går til MSDN eller Technet sine tenarar, sidan desse antakeleg vil oppleve mindre belastning, sidan Windows 7 RC har vore tilgjengeleg for medlemmane her i eit par dagar.

Alt du treng å gjere er å skrolle ned på ei av sidene, velgje språk for anten 32-bit eller 64-bit, logge inn med Live-ID og fylle ut eit kort skjema. Deretter får du ein produktnøkkel og ei nedlastingslenke.

Relaterte artikler

Den kunstige intelligensens rolle: Hva kan vi vente oss i fremtiden?

Boom! Med ChatGPT ble en milepæl innen kunstig intelligens...

Hvordan endrer teknologien poker

I løpet av det siste tiåret har fremskritt innen...

Disse 5 fordelene med VPN-gaming

De fleste spillere tenker umiddelbart på sikkerhet når det...

Hva er Microsoft 365?

Microsoft har etablert seg til å bli ett av...

Alt du trenger å vite om solceller

Når lys skinner på en fotovoltaisk (PV) celle, kanskje...