Lag hurtigvala i Opera slik du vil ha dei 3/3

I den fyrste artikkelen i serien viste eg dykk korleis de kan få valfri mengde av hurtigval, i den andre artikkelen viste eg dykk korleis de kan lage dykkar eigne ikon for hurtigvala og i denne tredje og siste artikkelen skal eg vise korleis de kan lagre fleire sider under eit hurtigvalikon.

fleiresiderhurtigval
Hurtigval i Opera.

Er du ein som er aktiv på veven har du sikkert ei rekke med ulike vevstadar som du vitjar regelmessig. Desse kan ein sjølvsagt lagre som bokmerker og klikke seg gjennom, men kva om du kunne opne alle stadane enkelt frå eit hurtigvalikon?

Det fyrste du treng å gjere er å opne alle sidene du vil ha med under hurtigvalet og lagre dei som ei økt. For å lagre sidene som ei økt gå til Fil>Økter>Lagre denne økta. Gje økta eit namn som ikkje inneheld mellomrom.

Ein må så finne fila kor Opera lagrar øktfilene. Dette gjer ein ved å skrive inn opera:config og søke etter «nuf». Kopier teksten som står i tekstboksen. Gå så til hurtigvala, høgreklikk og vel «Endre…». I adressefeltet limer du inn adressen og byter det siste filnamnet med det du kalla økta di. Du byter berre ut det som står mellom den siste skråstreken og det siste punktumet. Det som står før skråstreken og det som står etter punktumet lar du vere i fred. Til slutt må du fjerne gåseauga rundt adressen om du kopierte dei òg med, viss ikkje vil Opera opne sidene.

Når du då trykker på lagreknappen vil bilete av ei tekstfil i hurtigvalet, men dette kan du byte ut. Når du nå trykker på hurtigvalet, vil alle sidene i økta opnast.

Relaterte artikler

Kunsten å overgi seg i blackjack – Når bør du gi opp hånden din

Blackjack er et av de mest populære kortspillene i...

Oppdag den nyeste teknologien bak VR-briller

Virtual Reality (VR) har lenge vært en kilde til...

Slik finner du spilleautomatene for deg

Det er ingen andre casinospill enn spilleautomater som gir...

Betalingsmetoder for online nettcasino

Når du spiller på nettcasinoer, er det viktig å...