PowerMenu: Gir deg funksjoner som Microsoft har glemt

I ein ny artikkelserie kjem eg no til å tipse om ulike program som gjer Windows-opplevelsen litt betre.

Sjølv om Windows er verdas mest brukte operativsystem, er det likevel ikkje perfekt (men igjen, kva er?). Windows Vista har fått mange nye funksjonar som eg har forelska meg i, men eg får likevel ikkje den fulle tilfredsstillinga før eg legg til litt fleire funksjonar. Det eg no vil prensentere er eit lite program som så vidt stjel nokre ressursar, men likevel legg til funksjonalitet ein skulle trudd Microsoft kunne lagt til for lenge sida.

PowerMenu er bruker i skrivande stund 220 kB av minne på min datamaskin. PowerMenu legg til funksjonar som ein trudde at Microsoft kunne lagt til for lenge sidan: plassere eit vindauge øverst heile tida og endre kor gjennomsiktig eit vindauge skal vere.

For å få opp PowerMenu sine val, høgreklikker ein på boksen i oppgåvelinja eller på ikonet til vindauget oppe i venstre hjørne av vindauget. Til den vanlege kontekstmenyen (eller høgreklikkmenyen), vil PowerMenu ha lagt til nokre nye val: Priority, Transparency, Always On Top og Mnimize To Tray.

Priority let deg avgjer kor høg prioritet programmet skal ha. Programma har vanleg prioritet som standard, men dette kan endrast slik at eit eller fleire program vert prioritert framfor andre når dei sender forespørslar til prosessoren.

Transparency let deg endre kor synleg eit vindauge skal vere. Til dømes kan ein setje eit vindauge til 50% og då vil vindauge vere 50% gjennomsiktig. På denne måten kan ein sjå gjennom eit vindauge om ein har lyst til å følgje med på to ting om gongen.

Always On Top er vel strengt tatt sjølvforklarande: hakar du av denne vil vindauge alltid visast øverst. Dette gjer at du kan ha oppe eit vindauge til å skrive notatene i, sjølv om teksthandsamaren dekker heile skjermen.

Minimize To Tray minimerer vindauget til systemkorga (ved sida av klokka). På den måten kan du halde program gåande utan at dei treng å ta plass i oppgåvelinja. Ikonet til programmet som du la ned vil sjølvsagt verte vist.

Last ned PowerMenu

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...