Meir om USB 3.0

Intel har fått mykje kritikk for å halde tilbake om spesifikkasjonane til USB 3.0, men no er dei endeleg her

Intel, som står for utviklinga av USB-grensesnittet, har vorte kritisert for å ikkje gje bort informasjonen om USB 3.0. Dei vert anklaga for å halde på informasjonen slik at dei kan utnytte teknologien før dei slepp han vidare til andre. Intel på si side seier at dei bruker tida til å perfeksjonere grensesnittet. Etter lang ventetid er endeleg informasjonen offentleg.

Det nyaste som er å finne om USB 3.0-grensesnittet er at det kjem til å vert bakoverkompatibelt med USB 2.0 (slik som USB 2.0 var bakoverkompatibel med USB 1.0/1.1). USB 3.0 kjem til å ha ein teoretisk, legg merke til teoretisk ikkje realistisk, overføringssnøggleik på ti gonger farten til USB 2.0. Den teoretiske overføringssnøggleiken til USB 2.0 var på 480 Mb/s, det vil seie at USB 3.0 kan teoretisk overføre i ein fart på 4.8 Gb/s.

Ein anna nyhet er at opplasting og nedlasting kjem til å føregå i to ulike leiarar, noko som betyr at leidningane òg kjem til å verte tjukkare. Ein anna fordel er at USB 3.0 kjem til å ha moglegheita til å lade opp fleire typar utstyr og lade utstyr genrellt raskare. Grensesnittet kjem òg til å verte meir bevisst når det kjem til straumbruk.

Maskinvarepartnarane til Intel kjem antakeleg til å ha eit ferdig design på varer rundt midten av 2009. Dei ferdige produkta til forbrukarane kjem antakeleg ikkje til å kome før på starten av 2010. Det kan likevel vere ein moglegheit for at det kjem nokre tidlege produkt på seinsommaren av 2009.

Ikkje gløym å vere med å kommentere i kampen om ein SlingBox Pro.

Relaterte artikler

Fabel

Denne lydbok-appen er i ferd med å ta Norge...

Nextory

Denne populære strømmetjenesten for e-bøker og lydbøker har tatt...

Hvordan sørge for sikkerhetskopiering av iPhone-filene dine

Med så mye av livet vårt lagret på smarttelefonen,...

Beskytt Steam-kontoen din

Steam-konto er som å ha sin helt egen digitale...

Strim

Strim er en norsk strømmetjeneste som samler både klassiske...