Program med open kjeldekode (Tema: IM & IRC)

Denne gongen tek i artikkelserien om program med open kjeldekode, tek eg føre meg lynmeldingsklientar i tillegg til IRC-klientar.

IM eller lynmelding er den mest brukte chattemetoden over internett i Noreg. Lynmelding gjorde seg kjent her på berget gjennom MSN Messenger som følgte med i Windows XP-pakka. Dette gjorde òg MSN Messenger (i dag Windows Live Messenger) til den mest brukte klienten.

Det fanst likevel ei tid før MSN Messenger og i den tida snakka ein om IRC (uttalast anten I-R-C eller [irk]). IRC er ein støtta overføringsmetode som vart brukt til å sende meldingar via internett før lynmelding hadde funne vegen inn i operativsystema.

Sjølv om dei fleste av dagens ungdom kun kjenner til lynmelding er det likevel enno mange som brukar IRC framfor lynmelding av mange ulike grunnar. Ein av dei grunnlegjande forskjellane er at medan ein i ein lynmeldingsklient vel ein kontakt å opprette ein samtale med (kor ein kan invitere fleire), loggar ein seg inn i eit rom i IRC, kor alle snakkar saman. Ein kan òg starte ein privat samtale med enkelte av brukarane om ein ynskjer det.

Her er ei liste over ulike klientar som støtter anten lynmelding, IRC eller begge:

aMSN (Windows/Mac/Linux)
støtter: IM. aMSN sikter på å vere så lik som orginalen. Klienten legg òg vekt på å dei same funksjonane som er å finna i orginalen i tillegg til å leggja til funksjonar som manglar.
–Heimeside
–Last ned

HydraIRCstøtter: IRC. HydraIRC har som mål å vere enkel å bruke. Grensesnittet liknar på standardutsjåande til Windows og er lettare å bruke enn det andre IRC-klientar byr på.
–Heimeside
–Last ned

Miranda IM (Windows)
støtter: IM/IRC. Miranda IM har i tillegg til støtte av fleire protokollar (MSN, Yahoo), eit stort bibliotek på over 350 innstikk som gjer at ein kan få tilfredsstilt alle ynksjer.
–Heimeside
–Last ned

Pidgin (Windows/Mac/Linux)
støtter: IM/IRC. Pidgin (tidlegare GAIM) tilbyr eit grensesnitt kor ein har fleire faner i pratevindauget. Pidgin har òg støtte innstikk som gjer at du kan endre på oppførselen til Pidgin
–Heimeside
–Last ned

PlanetaMessenger.org (Windows/Mac/Linux)
støtter: IM. PlanetaMessenger.org er ein java-applikasjon som kan kjøre på alle operativsystem med Java installert. Det har òg støtte for fleire protokollar (MSN, Jabber).
–Heimeside
–Last ned

Psi (Windows/Mac/Linux)
støtter: IM. Psi har som mål å vere den minste og lettaste IM-klienten. Sjølv om han er meint som ein Jabber-klient har han likevel støtte for fleire protokollar, slik at ein ikkje misser kontakten.
Heimeside
Last ned

XChat (Windows/Linux)
støtter: IRC. XChat har vore med sidan 80-talet. Sjølv om XChat var litt vanskeleg å kome i gang med før, har han vorte lettare med åra. XChat er ein av dei meir avanserte IRC-klientane.
Heimeside
Last ned

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...