Red Alert Remix

Sjå EA sitt siste PR-stunt for Red Alert 3. EA diskar opp med ein eigen musikkvideo med Red Alert innhald

Red Alert er sett til ei verd kor Albert Einstein reiste tilbake i tid og drepte Hitler, dette gjorde at ein avverga andre verdskrig. Sjølv om ei fare vart eliminert, vaks ei anna fram: Sovjetunionen. I universet til Red Alert har Sovjetunionen vakse fram og vorte ein trussel mot fred.

I det kommande Red Alert 3 kjem det i tillegg ein tredje fraksjon med i biletet, Empire of the Rising Sun, som kjem frå Japan. Spelet kjem òg til å viske skiljet mellom land og hav meir enn nokon gong før. Basane kan lett utvidast til havet.

Etter at spelet vart kungjort tidlegare i år, har det vorte knytta store forventingar til den tredje installasjonen i Red Alert-serien. Det fyrste Red Alert-spelet definerte på mange måtar RTS-sjangaren (Real Time Strategy). Serien har vorte kjend for å ha innspelte mellomsekvensar med ekte skodespelarar, og Red Alert 3 er intet unntak; i videoen kan de sjå fleire kjende andlet frå Hollywood.

Her er musikkvidoen som EA har miksa i hop:

Relaterte artikler

Fabel

Denne lydbok-appen er i ferd med å ta Norge...

Nextory

Denne populære strømmetjenesten for e-bøker og lydbøker har tatt...

Hvordan sørge for sikkerhetskopiering av iPhone-filene dine

Med så mye av livet vårt lagret på smarttelefonen,...

Beskytt Steam-kontoen din

Steam-konto er som å ha sin helt egen digitale...

Strim

Strim er en norsk strømmetjeneste som samler både klassiske...