Søk etter musikk på veven med Songza

Av og til får ein eit tips om eit band eller ein artist. Ein har ikkje lyst til å kjøpe heile albumet til artisten eller bruke pengar på songar som ein kanskje ikkje ein gong liker, og då kjem Songza inn i biletet.

Songza er ein søkemotor for musikk på veven. Songza leiter gjennom det store internettet og finn fram musikk som du har lyst på. Songza har ein utruleg base med musikk, du kan finne alt frå norske artistar til sære artistar som ein ikkje trudde kunne finnast på veven.

Eg har til tider opplevd litt småtrøbbel med grensesnittet, nokre små feil her og der, men ikkje noko som gjer at ein irriterer seg for mykje. Den store fordelen ligg likevel i at ein kan setje opp spelelister, slik at ein kan kome tilbake på eit seinare tidspunkt og spele av songane på ny. For å lage spelelister må ein lage ein konto, noko som både er gratis og ikkje mykje arbeid.

Songza kan ein finne her

Relaterte artikler

Fabel

Denne lydbok-appen er i ferd med å ta Norge...

Nextory

Denne populære strømmetjenesten for e-bøker og lydbøker har tatt...

Hvordan sørge for sikkerhetskopiering av iPhone-filene dine

Med så mye av livet vårt lagret på smarttelefonen,...

Beskytt Steam-kontoen din

Steam-konto er som å ha sin helt egen digitale...

Strim

Strim er en norsk strømmetjeneste som samler både klassiske...