Songbird er no ute i ny versjon

Musikkavspelaren Songbird kom nett i ny versjon. Den nye versjonen – versjon 1.1 – legg til nye funksjonar som automatisk henting av albumgrafikk, støtte for nedlasting frå 7digital og automatisk overvaking av mapper. Det har òg vorte gjort arbeid på ytingsfronten. Den nye versjonen tek berre halvparten av prosessorkrafta når han speler av songar og det er mindre minnelekasjar, noko som gjer at han bruker mindre minne over tid.

For dei som ikkje er kjende med Songbird, kan Songbird på mange måtar skildrast som Firefox sin bror innanfor musikkavspelarar. I likskap med Firefox er målet til Songbird å skape ein open klient som alle kan bidra til. Songbird er då sjølvsagt byggja på open kjeldekode, i likskap med Firefox. Det er òg – i god Firefox-stil – støtte for innstikk, slik at funksjonaliteten lett kan utvidast.

<i>Eit enkelt grensesnitt med fokus på musikk</i>
Eit enkelt grensesnitt med fokus på musikk.

Songbird kjem òg pakka med fullt av andre funksjonar som gjer det til ein musikkavspelar som bør passe dei aller fleiste. Det er støtte for SHOUTcast, noko som gjer at ein kan høyre på radiostraumar direkte i Songbird. Det er òg innebygga støtte for Last.fm, slik at ein kan scrobble, medan ein høyrer musikk. Elles kjem òg Songbird med ein grensesnitt som på mange måtar kan minne om iTunes, som gjer det enkelt å finne musikken ein leiter etter. Gjennom grensesnittet kan ein òg lett få tilgang på informasjon om artisten ein speler, sidan Songbird automatisk hentar inn informasjon og syner han til deg. Ein får opp dei siste nyhendene, konsertar som skal haldast og generell info om artisten.

Noko av det beste med Songbird må likevel vere den gode støtta. Ikkje berre støtter Songbird ein rekke ulike lydformat, men òg fleire plattformar. Ein kan laste ned Songbird for Windows, MacOS og Linux. Og som om det ikkje var nok, kan ein òg få avspelaren på norsk. Takka vere eit aktiv samfunn kring avspelaren har ivrige sjelar omset avspelaren til både bokmål og nynorsk.

Last ned Songbird
Heimesida til Songbird
Funksjonane i Songbird
Kommande funskjonar i Songbird

    Relaterte artikler

    Hva er en kryptolommebok?

    Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

    Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

    Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

    Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

    Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

    Mobildeksel – den stilige beskytteren

    Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

    Kan du kjøpe sko med krypto?

    Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...