Videobroren til Twitter

På Twitter har ein 140 teikn, på 12seconds.tv har ein 12 sekund

Twitter har vorte den store greia dette året. Mikrobloggingstenesten har vokse seg stor på rekordfart (på same måte som Facebook gjorde). Sjølv om mange omfamnar Twitter, har likevel tenesta nokre problem (ja, me snakkar om fart…).

For omtrent seks månadar sidan gjekk David Beach og Sol Lipman i hop og laga ein vevteneste som dei kalla 12seconds.tv. 12seconds.tv gjer deg 12 sekund på å ytre dine meiningar. Du lager ein video kor du ytrer deg, anten det er noko du vil seie, gjere grimasar eller berre fortelje ein vits.

12seconds.tv let deg laste opp videoar frå webkameraet ditt eller ein film frå mobilen. Ein kan òg importere vener frå Twitter og ein kan kople 12seconds.tv i saman med Twitter, slik at kvar gong du lastar opp ein video, vil det leggjast ut ein ny post på Twitter med ei lenke til videoen.

Sjølv om 12seconds.tv har mange likheitar med Twitter, er det likevel slik at det er tekst som er enklast å formidle, framfor video. Men tenesta er likevel verdt å merke seg. 12seconds.tv bringer bodskapen til Twitter til videoplattformen: «Kva gjer du?»

Ein liten morosam video frå 12seconds.tv:

New Glasses on 12seconds.tv

Relaterte artikler

Fabel

Denne lydbok-appen er i ferd med å ta Norge...

Nextory

Denne populære strømmetjenesten for e-bøker og lydbøker har tatt...

Hvordan sørge for sikkerhetskopiering av iPhone-filene dine

Med så mye av livet vårt lagret på smarttelefonen,...

Beskytt Steam-kontoen din

Steam-konto er som å ha sin helt egen digitale...

Strim

Strim er en norsk strømmetjeneste som samler både klassiske...